Høyanger på nettNæringslivTuristLokal-avisDaglegliv Sjå film:
Hovedmeny
Du er her: HNU.no / Omstilling / Framtida /

Framtida

I den første delen av omstillingsarbeidet var det viktig å få på plass nye prosjekt, noe vi lykkast med. Deretter retta vi fokus mot det etablerte næringslivet, prosjekt som allereie er i startgropa og eventuell knoppskyting innan eksisterande bedrifter. Arbeidet med SMB-utvikling har vore ein stor suksess, så i framtida vil vi setje i gang tilsvarande prosjekt i ei rekkje verksemder.

No er vi også i mål med omsyn til å redusere dei negative verknadane av konkursen ved Fundo Wheels AS. Saint Jean Wheels starta opp den nye felgfabrikken i 2011. I 2012 skal Carbontech Holding og Nordic Power Systems (NPS) starte produksjon i sine nye og innovative verksemder.

Den offisielle omstillingsperioden med økonomiske midlar frå stat og fylke tok slutt i 2010, men omstillingsprosjektet til Høyanger kommune og HNU vil uansett halde fram til år 2018. Innan den tid skal Høyanger vere kjend som ein attraktiv kommune med robust og variert næringsliv, levande bygder, eit sentrum med rikt utval innan handel, service og fritidstilbod og ei befolkning som trivst og ser lyst på framtida.
FramtidaNye etableringarFjord og fjellDialog mellom aktørarEntrepenørskap