Den 24 mars 2004 godkjende Fylkestinget Høyanger sin søknad om status som omstillingskommune. Det innebar ekstra økonomiske midlar for å etablere ny industri og skape fleire arbeidsplassar.
Hydro engasjerte seg sterkt i prosjektet, både økonomisk, ved bruk av sitt store nettverk og med konsulentar. Deira bidrag var svært viktig og strengt tatt større enn det ein kunne forlange, òg sett i lys av at det var nettopp dei som sette Høyanger kommune i denne vanskelege situasjonen.
Omstillinga vart organisert gjennom eit samarbeid mellom kommunen og Hydro, men heile næringslivet bretta opp ermene og var klar for innsats. Om mindre enn to år skulle Søderberg-omnane i Hall-C kjølne for godt. Arbeidet med å byggje «nye Høyanger» tok til.